Tverrfløyte i Høyanger kulturskule:
Eleven lærer grunnleggande speleteknikk og notelesing hos læraren sin. Undervisninga er individuelt nivåtilpassa. Instrument kan leigast, og dersom nokon ønskjer å ha sitt eige, tilrår vi å kontakte instrumentallærar for råd om kjøp. Det finst mange arenaer for samspel, både i korps, symfoniorkester og prosjektbaserte grupper som lærarane set saman.
I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.
Anbefalt alder:
Frå 1.klasse
5/6 år
Undervisningsstader:
Høyanger skule
Kyrkjebø skule
Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.250,-
Organisering:
Undervisninga er anten individuell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt
oppmøtetid per veke. Vi nyttar også minifløyte som introduksjonsinstrument i undervisninga, denne minnar mest om ei blokkfløyte, men haldast til sida og blåsast på samme måten som tverrfløyta. Når elevane er komen opp eitt nivå kan ein i tillegg til kulturskulen prøve seg i det lokale skulekorpset. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Vi tilrår at korpsmedlemmar har/tek speletimar parallelt med speling i korps.
Om instrumentet:
Tverrfløyta fekk navnet fordi den vert halden til sida. Tonehøgda vert bestemt ved at ein trykker ned ulike kombinasjonar av klaffane, og ved endringar i luftstraumen.
Kostnadar:
Kulturskulen har nokre instrument vi lånar ut, elles oppmodar vi om å ta kontakt med det lokale korpset for lån av instrument. Dersom ein ønskjer å kjøpe sjølv, rådgjev vi gjerne.
Ein god nybyrjarfløyte kostar ca. 7000 kroner. Dyre proffinstrument kan koste opp til fleire 100.000 kroner.
Historie:
Tverrfløyta er eit treblåseinstrument fordi den opprinneleg var laga av tre. No vert det laga fløyter i ulike metall, det vanlegaste er sølvlegeringar, men det vert også laga fløyter i gull og platinum.
I byrjinga var tverrfløyta utan klaffar, den hadde hol som ein dekka med fingrane. Etterkvart som fløyta utvikla seg kom det fleire klaffar til. I 1847 tok Theobald Boehm patent på eit revolusjonerande nytt fløytedesign som den dag i dag dannar utgangspunktet for utforminga av alle tverrfløyter.
Berømte personar som spelar tverrfløyte:
Emmanuel Pahud, Emily Beynon, William Bennett, Ian Anderson, James Galway