Musikalsk forsmak i Høyanger kulturskule

Dette er eit tilbod innan førebuande musikkopplæring til elevar i 1. til 3. klassesteget. 
Her vert opplevinga av musikk vektlagt gjennom song, dans, rytme og musikkeventyr.
Vi brukar Orff-instrumenta (stavspel, klokkespel o.l.), lærer ulike rytmebilder, notar og komponerer, samt testar ulike blåseinstrument.

I tillegg opptrer vi på små og store konsertar, f.eks. til jul i Høyanger kyrkje, vårframsyning i Høyanger Samfunnshus, huskonsertar på sjukeheimane og i omsorgsboligane m.m..
Til dei større konsertane øver vi gjerne inn noko felles og lagar f.eks. barnekor. Til dei elevane som går i SFO, hugs å sei ifrå til personalet om at barnet går på musikalsk forsmak.
Då hjelper personalet barnet med å komme til rett tid.
 

Anbefalt alder:

Frå 1. kl.trinn

Undervisningsstader:

Vadheim
Kyrkjebø
Høyanger

Skulepengar per halvår:

Elevkontingent kr 1 200,-

Organisering:

Undervisninga er 45 min per veke, og er i gruppe med minimum 3 elevar.

Kostnadar: 

Instrumenta elevane får høve til å prøve, lånar dei på timen.
 

Beate Kjølstad
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 57 71 15 68
Mobil 99 21 93 71