Elevane lærer grunnleggande speleteknikk på instrumentet sitt gjennom heile opplæringa både etter notar og gehør. Elevane vil få spele musikk innan mange ulike sjangrar, og lærestoff og sjanger vert bestemt i samråd med lærar.
I undervisninga legg vi vekt på å utvikle speleglede, mestringsfølelse og elevens eigen musikalitet.
Når elevane er komen opp eitt nivå kan ein i tillegg til kulturskulen prøve seg i det lokale skulekorpset. Dette innebærer deltaking i toget på 17.mai og deltaking på ei rekke konsertar. Vi tilrår at korpsmedlemmar har/tek speletimar parallelt med speling i korps.
Anbefalt alder:
frå 6 år
Undervisningsstader:
Bjordal
Lavik
Vadheim
Kyrkjebø
Høyanger
Skulepengar per halvår:
Elevkontingent 1.200,-
Piano i Høyanger kulturskule:
Eleven lærer grunnleggande speleteknikk og notelesing hos læraren sin. Undervisninga er individuelt nivåtilpassa.
Organisering:
Undervisninga er anten induviduell eller i gruppe. Kvar elev har minimum 20 minutt oppmøtetid per veke.
Om instrumentet:
Eit piano, òg kalla pianoforte og klaver, er eit tangentinstrument med strenger. Når ein tangent vert trykt ned, slår ein filtkledd hammar til strengen. Strengen vert dempa når tangenten vert sleppt opp att. Nokre kjende pianomakarar er Bösendorfer, Steinway, Bohemia, Kawai og Yamaha.
Kostnadar:
Ein treng instrument for å øve heime, både akustisk og digitalt piano egnar seg godt for øving heime.
Vi anbefalar i utgangspunktet ikkje keyboard som øvingsinstrument for vår undervisning, sjølv om det er betre enn å være utan instrument. Elevene må rekne med å kjøpe notar og lærebøker undervegs.
Berømte personar som spelar piano:
Leif Ove Andsnes, Håvard Gimse, Helene Grimaud, Lang Lang.