Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet
Kulturdepartementet deler kvart år ut stønad av spelemidlane til bygging av anlegg for idrett og friluftsliv. Kommunar, idrettslag, andelslag eller andre kan søkje om midlar til bygg og anlegg. Det kan søkjast om stønad til bygging og rehabilitering av idrettsanlegg som er opne for allmenn idrettsaktivitet, og som ikkje er hefta med kommersielle interesser. Anlegget må vere med i ein vedteken kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet og søkjar må ha organisasjonsnummer.
For å søke om spelemidlar til anlegg sjå www.anleggsregisteret.no Det må søkjast innan fristen som er 15. oktober.
For publikasjonar, rettleiing og statistikk for spelemidlar til idrettsanlegg, sjå Publikasjonar om idrettsanlegg
Tilskot til nyskapande aktivitetsarenaer
Vestland fylkeskommune inviterer kommunar, vidaregåande skular og idrettslag til å søkje om tilskot til nyskapande aktivitetsanlegg i tidleg fase, der prosjekta må fokusere på inkludering, sambruk og fungere som førebilete utover eige nærmiljø. I staden for ei direkte pengeutbetaling, består tilskotet av finansiert og koordinert arkitektkompetanse til prosjektering for inntil fire utvalde prosjekt.
Tilskot til nyskapande aktivitetsanlegg - Vestland fylkeskommune
Momskompensasjon på idrettsanlegg
Denne ordninga gjeld bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og anlegg for friluftsliv i fjellet. Ordninga omfattar ikkje drifts- og vedlikehaldskostnader.
Meir informasjon om ordninga på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet
Spelemidlar til utstyr
Tilskot til utstyr vert administrert av Norges Idrettsforbund (NIF). Søknadsskjema og meir informasjon finne du på heimesidene til NIF og hos det enkelte særforbund.
Spelemidlar til utstyr