Tilskot- prosjektmidlar kultur og folkehelse

Målgruppe

Lag og organisasjonar som har gode kultur- og folkehelseprosjekt i Høyanger kommune.

Kriterium

Nyoppstarta prosjekt og einskildarrangement, prosjekt og andre tiltak utanom den ordinære drifta av laget gjennom året, vert prioriterte.

Prosjektet må vere helsefremjande aktivitet. Prioritering vert gjort ut frå type prosjekt, og ein prøver å få til ei fordeling av midlar i heile kommunen. Aktivitetar som kjem mange av innbyggjarane til gode vert vektlagde, ikkje berre dei som er medlemmar i laget som søkjer.

OBS! Tilskot kan ikkje gå til ordinær drift i laget.

Handsaming

Søknadsfrist vert annonsert. Vedtak vert gjort av Utval for samfunn.

Slik søkjer du

Til digitalt søknadsskjema

Jeanette Wølke Friis Walsvik
Einingsleiar kultur og mangfald
E-post
Telefon 57 71 15 71
Mobil 90 07 61 39
Kristina Skogly
SLT og Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 71 15 05
Mobil 41 41 26 29