Føremål
Ordninga skal støtte tidsavgrensa kultur- og folkehelsetiltak i Høyanger kommune som fremjar deltaking, inkludering, meistring og trivsel. Ordninga kan støtte tiltak som fremjar sosial utjamning og styrkjer den lokale kulturen og frivilligheita.
Merk: Det vert ikkje gitt støtte til ordinær drift.
Kven kan søkje
Lag, foreiningar og ideelle organisasjonar som oppfyller alle desse punkta:
- Er registrerte i Frivillegregisteret
- Har lokal tilknyting til Høyanger kommune
- Har bankkonto i organisasjonen sitt namn
- Har organisasjonsnummer
Kommunale einingar og kommersielle aktørar kan ikkje søkje.
Kva kan få støtte
- Tidsavgrensa prosjekt eller arrangement
- Opne tiltak med låg terskel
- Tiltak som når breitt ut, eller er retta mot grupper med låg deltaking
Det vert som hovudregel ikkje gitt støtte til ordinær drift.
Vurdering
Ved vurdering av søknadene vert det lagt vekt på:
- Effekt for deltaking og folkehelse
- At prosjektet kjem fleire til gode
- At budsjettet og gjennomføringa er realistisk
- Samarbeid med andre lag, foreiningar eller kommunale tenester
- Samordning med kommunen sine planar og satsingar
Midlane vert fordelte innanfor den økonomiske ramma, med eit mål om ei god geografisk fordeling rundt om i kommunen.
Krav til søknad
Søknaden skal innehalde:
- Prosjektnamn
- Kort skildring (mål, målgruppe, stad og tidspunkt)
- Prosjektbudsjett med oversikt over inntekter og utgifter, inkludert opplysningar om eigenfinansiering og andre tilskot
- Siste godkjende årsmelding og rekneskap
Prosjektet skal synleggjerast på den til ei kvar tid gjeldande aktivitetskalenderen p.t. Friskus. ( https://hoyanger.friskus.com/ )
Søknadskjema - tilskot til prosjektmidlar kultur og folkehelse
Rapportering
Etter gjennomføring skal det leverast:
- Ein kort sluttrapport
- Eit enkelt prosjektrekneskap
Høyanger kommune kan synleggjere prosjekta i sine kanalar. Manglande rapportering kan få konsekvensar for framtidige søknadar.