Etablerarprøven for serveringsstad

Viss du skal vere dagleg leiar av ein serveringsstad som serverer mat og alkoholfri drikke, må du ha bestått etablerarprøven og fylt 18 år.

Kvar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på Høyanger Helsesenter. Ring oss på telefon 57 71 15 00 for å avtale tidspunkt.

Gjennomføring av prøven

  • Prøven er ein fleirvalsprøve og består av 50 spørsmål. For å få bestått, må du ha minst 40 rette svar.
  • Du vil få 90 minutt til å svare på prøven.
  • Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøven første gongen.
  • Prisen for å ta prøven er kroner 400 for kvart forsøk.
  • Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøven.
  • Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling.

Pensum

Du kan finne læremateriell på nettsida til vinn.no

Prøvebevis

Alle som består etablerarprøven, får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Lover og forskrifter

Serveringslova

Forskrift om etablererprøve for daglig leder av serveringssted