Kunnskapsprøve i alkohollova

Det er to typar kunnskapsprøver. Det er ei prøve for salsløyve i butikk og ei for skjenkeløyve på restaurant/bar/pub. Skal du vere skjenkestyrar eller varastyrar for ein stad med sals- eller skjenkeløyve, må du ha bestått kunnskapsprøven og ha fylt 20 år.

Kvar kan du ta prøvane?

Du kan ta prøvane på Høyanger Helsesenter. Ring 57 71 15 00 for å avtale tidspunkt.

Gjennomføring av prøvane

  • Kunnskapsprøven er ein fleirvalsprøve og består av 30 spørsmål. For å få bestått, må du ha minst 24 rette svar.
  • Du vil få 60 minutt til å svare på prøven.
  • Du får fleire forsøk dersom du ikkje greier prøven første gongen.
  • Prisen for å ta prøven er kroner 400 for kvart forsøk.
  • Ta med gyldig legitimasjon når du skal avlegge prøven.
  • Prøven er på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk. Du kan bruke norsk ordbok.

Pensum

  • Pensum for salsløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1, 3, 7, 8 og 9 med forskrifter
  • Pensum for skjenkeløyve: Kunnskap om alkohollova kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9 med forskrifter
  • Du kan kjøpe læremateriell, kurs og tilgang til "test deg sjølv"- prøver via Vinn.no

Prøvebevis

Alle som består kunnskapsprøven, får eit prøvebevis som er ein dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.

Lover og forskrifter

Alkohollova

Alkoholforskrifta