Tilsynsavgift på tobakk

Alle som sel tobakksvarer skal vere registrert i tobakkssalsregisteret og betale tilsynsavgift.

Registrering og avregistrering i tobakkssalsregisteret

  • Alle som sel tobakksvarer, må registrere seg i tobakkssalsregisteret til Helsedirektoratet. Det gjeld også dei som sel e-sigarettar, gjenoppfyllingsbeholdere, urtebaserte røykeprodukt og andre tobakkssurrogater.
  • Om du skal slutte å selge tobakksvarer, må du avregistrere deg i tobakkssalsregisteret.


Les meir om korleis du registrerar og avregistrerar tobakkssal hos Helsedirektoratet. 

Kontroll av tobakksal

Kommunen kontrollerer at stadar som sel tobakksvarer følger følgjande bestemmelsar i tobakkskadelovverket, mellom anna at:

  • opplysningane i Tobakksalregisteret stemmer med opplysningane på salstaden
  • varene er kjøpt frå ein registrert grossist
  • tobakksvarer ikkje blir selde til personer under 18 år
  • salsstaden har ein internkontroll som gir dei tilsette god nok kunnskap om regelverket
  • det ikkje er reklame for tobakksvarer
  • tobakksvarer ikkje blir selde med rabatt eller blir gitt vekk gratis

Tilsynsavgift

Alle salsstader for tobakk må kvart år betale ei tilsynsavgift til kommunen:

  • Tilsynsavgifta for faste salsstedar: er 3 000 kroner i året i 2023.
  • For midlertidige salsstader:  er tilsynsavgifta 1 300 kroner i året.

Internkontroll for utsalsstader for tobakk og -surrogat

Alle salgsstader/detaljister plikter å etablere ein internkontroll jf. tobakksskadeloven § 5. Internkontrollen skal vere tilpassa den einskilde salgsstaden og skal blant anna bidra til at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket. Krava til internkontrollen er nærmare regulert i kapittel 5 i Forskrift om registrerings- og bevillingsordning for tobakksvarer mv.

Internkontrollen skal dokumenterast skriftleg og i det omfang som er naudsynt på bakgrunn av salgsstaden sin storleik, eigenart, aktiviteter og risikoforhold. Dokumentasjonen skal til ei kvar tid vere oppdatert og tilgjengeleg for tilsynsmyndigheten.

Lover og forskrifter

Forskrift om registrering av og tilsyn med salg av tobakksvarer mv. (tobakkssalgsforskriften)

Lov om vern mot tobakksskader (tobakksskadeloven)

Forskrift om forbud mot tobakksreklame mv.