Produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket

Kven kan søke om tilskot?

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om produksjonstilskot, t.d. arealtilskot, kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr osv. Føremålet er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk.

Føretaket må vere registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar.

Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal kan føre til avkorting av produksjonstilskotet.

 

Slik søker du

 

Søk om produksjonstilskot via Altinn

 

Har du spørsmål?

 

Sjå nettsidene til Landbruksdirektoratet.

 

Søknadsfristar, telje- og utbetalingsdato

 

Søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie har to søknadsfristar i året:

  • 15. mars (med teljedato 1. mars)
  • 15. oktober (med teljedato 1. oktober).

 

Tilskota vil bli utbetalt i februar året etter at du har søkt.   

Randi Dale
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 57 71 15 32
Mobil 99 21 93 91