OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Næring -og miljøtiltak i skogbruket

I kommunen vil desse midlane i hovudsak gjelde tilskot til skogkultur.

Døme på tiltak som du kan få tilskot til:

  • Plantekjøp og planting
  • Avstandregulering
  • Rydding/fristilling av ønska treslag

Tilskotssatsen vil vere i intervallet 50 - 70 % av kostnaden. Kommunen får avgrensa midlar å bruke  til skogkultur. Om du har planar om å utføre skogkulturarbeid i skogen din, er det er difor viktig å ta kontakt med kommunen på førehand.

Tilskot kan som hovudregel gjevast til alle skogeigarar som har meir enn 10 daa produktiv skog. kommunen kan setje vilkår for utbetaling av tilskot til det einskilde tiltak.

Tilskot skal stimulere til auka verdiskaping i skogbruket samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivaretekne og vidareutvikla.

Informasjonsside hos Landbruksdirektoratet

Til søknadsskjema om skogkultur

Randi Dale
Jordbrukssjef
E-post
Telefon 57 71 15 32
Mobil 99 21 93 91
Til toppen