OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Revisjon av arealdelen 2022

Generell informasjon

Høyanger kommune skal revidere arealdelen til kommuneplanen, og vil på denne sida samle informasjon og nyhende om dette. Gjeldande arealdel er frå 2016 og det vart då gjort eit omfattande arbeid med å få ein samla kommuneplan med både samfunnsdel og arealdel. 

Sidan førre kommuneplan har Nessane krins vorte inkludert i Høyanger kommune som følgje av endringar i kommunegrenser ved kommunesamanslåingar i 2020. Dette gjer at Høyanger kommune er større i areal, og overtek deler av kommuneplan for tidlegare Balestrand.

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen inneheld mål og føringar for den langsiktige utviklinga av kommunen, og har strategiar blant anna for arealutviklinga. Denne vart vedteke i kommunestyret desember 2021. I arealdelen konkretiserast arealbruken i kommunen og tek sikte på å vere ferdig utarbeidd i 2023.

Gjeldande kommuneplan er frå 2016, og vil vere det viktigaste grunnlagsdokumentet i arbeidet med å revidere arealdelen. Planen vil i hovudsak vidareførast utan dei heilt store endringane, men med justeringar for å oppnå betre arealutvikling etter behov – og skal vere i tråd med målsettingane som er satt i samfunnsdelen.

 

Har du innspel til arealdelen?

Klikk på knappen under og fyll ut innspelsskjema om konkrete framlegg, eller skriv ein e-post til postmottak@hoyanger.kommune.no dersom innspela er av meir generell art.

 

Skjema for innspel

Relevante dokument:

 

Planstrategi 2020-2024 (PDF, 2 MB)

 

Planprogram (PDF, 574 kB)

 

Samfunnsdel (PDF, 20 MB)

 

Arealdel 2016-2028 (PDF, 5 MB)

Til toppen