Matrikkelen innehelde opplysningar om adresser. Alle hus, hytter, andre bygningar og eigedommar i Noreg bør ha ei vegadresse. Der ein ikkje har vegadresser, er den offisielle adressa ei talrekke som bygger på gårds- og bruksnummer, kalla ei matrikkeladresse.
Adresseinformasjon på din eigedom kan du finne i tenesta Seeiendom.no.
Her finn du informasjon om:
- Gatenamn
- Adressenummer og eventuelt tilhøyrande bokstav
- Brukseiningssnummer (bustadnummer) om bustaden er ein del av ein bygning med fleire bueiningar.
I tillegg kjem informasjon om kva kretsar (skulekrets, valkrets, kyrkjesokn osv.) adressa høyrer til.
Når fleire bustadar deler same adresse, får dei eigne brukseiningssnummer (bustadnummer). Brukseiningssnummer vert i så fall ein del av adressa som visast blant anna i Folkeregisteret.
I dagens samfunn er korrekt adresseinformasjon er svært viktig. Nødetatane (politi, brannvesen og ambulanse) er heilt avhengig av at denne informasjonen er godt oppdater då dei bruker den i samband med utrykking. Også andre statlege og kommersielle aktørar er avhengige av oppdatert adresseinformasjon.
Ta kontakt med kommunen for å få tildelt adresse om det er manglar på din eigedom.
Kommunen krev ikkje gebyr for tildeling av adresse.
Publisert 08.07.2022 11.22
Sist endra 24.06.2024 14.17