Arealoverføring

Overføring av areal mellom to eigedomar utan å opprette nytt bruksnummer.

Arealoverføring er å overføre areal mellom eigedomar som har felles grense. Arealoverføring blir brukt når arealet som skal overførast er meir enn 5% av den minste eigedomen. Det krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova.

Arealoverføring er deling av grunneigedom. Arealoverføring er ei deling av grunneigedom, der deling, overskøyting, og samanslåing skjer i same sak. Det vert ikkje oppretta eit nytt bruksnummer på arealet slik som ved vanleg deling. Dersom du får godkjent søknad blir saka sendt til oppmåling for vidare gjennomføring.


Slik Søker du


Send inn bestilling som inneheld:

  • Last ned skjema søknad om deling
  • Last ned skjema: Søknad om oppmålinsforretning
  • Det er ingen krav om å søke om oppmåling i same sak som ein søker deling. Løyvet om deling fell bort dersom det ikkje er rekvirert oppmålingsforretning etter matrikkellova innan 3 år etter at løyvet vart gitt.
  • Situasjonskart der du har merka grensa som skal målast opp. Kartgrunnlag finn du på kommunekart
  • Lever søknaden til oss per e-post, post eller ved oppmøte
     

Kven kan søke?

Det er eigarane (heimelshavar) av eigedomen som kan søke om arealoverføring. Det er same vilkår som for deling av grunneigedom. Dersom du signerer søknad på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt. 

Døme på korleis du kan skrive ei fullmakt, finn du på Kartverket.

Einar Taule Øyehaug
GIS ansvarleg
Telefon 57 71 15 83