Deling eller endring av eigedom

Deling eller endring av eigedom krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova (pbl). Dersom du ønsker å dele frå ei tomt eller ønsker å endre grenser for eigedomen din, må du søke til kommunen om dette.

Deling eller endring

Eit løyve til slik endring er trinn ein i ein saksprosess der trinn to er å halde oppmålingsforretning og opprette ny eigedom/endre eigedomsgrensene. Gjennom oppmålingsforretninga får den nye eininga eit eige gards- og bruksnummer, dersom det gjeld ikkje arealoverføring. Den nye eigedomen, eller endring av denne, vert deretter registrert i det offisielle eigedomsregisteret (matrikkelen).

Ver klar over at saka kan verte omfattande dersom søknaden ikkje er i samsvar med gjeldande arealplan for området. Det må då søkast om dispensasjon frå planen eller endring av plan, før det kan gjevast løyve til deling i samsvar med pbl § 26-1.

 

Oppmåling av eigedom

Det er heimelshavar (eigar av eigedomen) som kan søke om oppmåling. 


Kva får du?

  • Du får målt opp og merka eigedomsgrensa di, og du får sett ned offentlege grensemerke der det er mogleg.
  • Du får eit matrikkelbrev (målebrev) som viser den fastsette eigedomsgrensa.

Krav til søkar

Søknaden må vere signert av eigar (heimelshavar). 

Slik søker du

Send inn bestilling som inneheld:

  • Last ned skjema søknad om deling. 
  • Last ned skjema: Søknad om oppmålinsforretning
  • Det er ingen krav om å søke om oppmåling i same sak som ein søker deling. Løyvet om deling fell bort dersom det ikkje er rekvirert oppmålingsforretning etter matrikkellova innan 3 år etter at løyvet vart gitt.
  • Situasjonskart der du har merka grensa som skal målast opp. Kartgrunnlag finn du på kommunekart
  • Lever søknaden til oss per e-post, post eller ved oppmøte

E-post: postmottak@hoyanger.kommune.no 
Postadresse: Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger

Kva skjer vidare?

Vi tar kontakt med deg og avtaler tidspunkt for møte og oppmåling. Maksimal saksbehandlingstid er tre måneder.

 

Einar Taule Øyehaug
GIS ansvarleg
Telefon 57 71 15 83