OBS! Nettleseren din er utdatert. Vi anbefaler at du laster ned en annen, moderne nettleser som Google Chrome, Firefox eller Microsoft Edge.

IMPORTANT! Your browser is out of date. We recommend that you download a more modern browser like Google Chrome, Firefox or Microsoft Edge.

Høyanger brannvesen


 

Høyanger brannstasjon

Høyanger kommune har ein hovudbrannstasjon som ligg i Høyanger sentrum. Vi har her ein samarbeidsavtale med Hydro Aluminium sitt industrivern. Dei er kommunen sitt brannmannskap og dekker i utgangspunkt område frå Tussvika i aust til Vadheim i vest. Ved større hendingar rykker dei ut både til Lavik og Sørsida.


Det er her dreiande vakt. Stasjonen er godt utstyrt. Det er 25 brannkonstablar tilknytta stasjonen, alle godt utdanna og har eigne naudnett-terminalar.

I andre delar av kommunen er det 5 branndepot


Lavik depot dekker området frå Vadheim til Lavik m/omegn. Det er 20 deltidsbrannkonstablar knytta til Lavik. Alle har eigne terminalar, men det er ingen fast vaktordning. Det er også eit mindre depot i Vadheim som er knytta opp mot Lavik.


På sørsida av Sognefjorden har vi 3 depot; Ikjefjord, Bjordal og Ortnevik. Her er det ingen tettstader, berre spreidt busetnad. Her har vi 2 små og eit større depot og 26 frivillige beredskapsfolk, dette er deltidsmannskap utan utdanning. Det er ingen vaktordning, og alle vert varsla via UMS. Det er uplassert 2 stk naudnett terminaler i Ikjefjord og Ortnevik. Og 3 stk i Bjordal, for kommunikasjon med 110 Vest og Vakthavande Overbefal i kommunen.
Høyanger kommune har samarbeid om brannberedskap med nabokommunane. Det er inngått avtale om gjensidig bistand med alle nabokommunane. 
 

Brannvesenet sine oppgåver


Brannvesenets oppgaver er fastsett i Brann- og eksplosjonsvernlovens § 11, brannvesenet skal:

  • Gjennomføre informasjons- og motivasjonstiltak i kommunen om fare for brann, fare ved brann, brannverntiltak og opptreden i tilfelle av brann og andre akutte ulykker.
  • Gjennomføre brannførebyggande tilsyn.
  • Gjennomføre ulykkesførebyggande oppgaver i forbindelse med handtering av farlig stoff og ved transport av farlig gods på veg.
  • Utføre nærmare bestemte førebyggande og beredskapsmessige oppgåver i krigs- og krisesituasjonar. 
  • Vere innsatsstyrke ved brann.
  • Vere innsatsstyrke ved andre akutte ulykker der det er bestemt med grunnlag i kommunens risiko- og sårbarhetsanalyse.
  • Etter oppmoding yte innsats ved brann og ulykker i sjøområder.
  • Sørge for feiing og tilsyn med fyringsanlegg.
  • IUA

Høyanger Brannvesen dekker heile kommune, eit område med ca. 4000 innbyggarar over eit landareal på 1.000 km2. Det er til saman registrert 46 særskilte brannobjekt pr. 01.01.21. 

Til toppen