Årsrekneskap og årsmelding

På denne sida finn du årsmelding, årsrekneskap og årsrapport for avslutta rekneskapsår i Høyanger kommune

Årsrekneskap og årsmelding 2025 

Rekneskap og årsmelding for 2025 er ferdigstilt.

Rekneskapen syner eit negativt netto driftsresultat, underskot, på 18,208 mill.kr. Noko som utgjer - 2,61% av kommunen sin driftsinntekter.

Resultatet er betre enn prognosane ved 2. tertialrapportering, og det er eit mindreforbruk i forhold til revidert budsjett på 11,271 mill.kr. Bruk av disposisjonsfondet er redusert tilsvarande mindreforbruket og er på 37,150 mill.kr. Saldo på fondet ved utgangen av året er på 17,541 mill.kr. Av desse er 5,165 mill.kr. allereie nytta i budsjettet for 2026.

Hovudårsaken til mindreforbruket er høgare inntekter enn budsjettert knytt til skatt og integreringstilskot. I tillegg vart resultatet bedre enn venta innan tenesteområde Helse og omsorg. 

Tabellen under viser budsjettavvik på dei ulike tenesteområda. 

Budsjettavvik på dei ulike tenesteområda i 2025
TenesteområdeRevidert budsjett 2025Rekneskap 2025Avvik
Sentraladministrajonen39 053 89739 404 039-350 142
Oppvekst116 832 627118 758 427-1 925 800
Helse og omsorg195 131 375190 540 4104 590 965
Samfunn106 096 544107 246 362-1 149 818
Lønns- og pensjonsavsetjing4 783 0004 745 40937 591
Konsesjon- og heimfallskraft-49 957 030-49 003 065-953 965
Finansielle leigeavtalar-7 354 000- 7 040 189-313 811
Sum løyvingar drift, netto404 586 413404 651 393-64 980



Investeringsrekneskapen er gjort opp med eit udekka beløp (underskot/manglar finansiering) på 778 000 kr. Det skuldast i hovudsak meirforbruk på prosjekta Brannstasjon og Rammeløyving avløp.

Sjølv om resultatet er betre enn frykta, er det like vel eit dårleg resultat for kommunen, og det dårlegaste resultatet ein har hatt dei siste 10 åra, med unntak av 2022.

Årsmelding og årsrekneskap for kommunen skal etter kommunelova §14-3 handsamast av kommunestyret seinast 30. juni året etter. Årsmeldinga er kommunedirektøren si utgreiing om kommunen si samla verksemd gjennom året. Årsmeldinga presenterer og analyserer kommunen si utvikling på overordna nivå. Årsmeldinga skal i tillegg gi nærare forklaringar på avvik i forhold til budsjett og kommunestyret sine føresetnader. 
Årsmeldinga, og rekneskapen, er godkjent av revisjonen og skal no til kontrollutvalet (6.mai) før politisk handsaming i formannskap og kommunestyret i juni.

 

Artikkelliste

Kristian Ølmheim
Økonomisjef
E-post
Telefon 57 71 15 53
Mobil 45 28 19 84