Drikkevatn
Drikkevatnet skal vere hygienisk tryggande, klart og utan framtredande lukt, smak eller farge. Det skal ikkje innehalde fysiske, kjemiske eller biologiske komponentar som kan føre til fare for helseskade. Høyanger kommune følger prøveplanar i samsvar med Drikkevassforskrifta. Prøvene vert analyserte av SunnLab AS.
Her kan du sjå analyseresultat frå 2026
Høyanger vassverk
Bjordal og Førsund vassverk
Kyrkjebø vassverk
Søreide vassverk
Vadheim vassverk
Lavik vassverk
Historiske data og analyseresultat for vassverka finn ein via postlista.
Akutt problem med vassforsyning
Ta kontakt med kommunalteknisk vakt dersom du opplever akutt problem med vassforsyninga.
- Kommunalteknisk vakt: 99 21 94 01.
- Ring sentralbordet på telefon 57 71 15 00 ved andre henvendingar.
Varsling om endring i vassforsyninga
Planlagde driftsavbrot vert normalt varsla abonnentar dagen før. Akutte hendingar vert varsla så raskt som mogleg. Varsling skjer via sms og/eller telefon.
Kva bør du gjere dersom du får beskjed om å koke drikkevatnet?
Sjå informasjonsmateriell frå FHI her
Tilkopling til det kommunale leidningsnettet
Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadane og bygga som er knytt til nettet.
I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gi byggeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande.
Mjukt eller hardt vatn?
Vi har "mjukt" vatn med pH mellom 7 og 8,5. Det betyr at du normalt ikkje treng å tilsette salt i oppvaskmaskiner.
Temperatur og fargetal varierer noko med årstidene. Vatnet avset ikkje kalkavleiring i rør eller andre installasjonar.