Skulemiljø

I Høyanger kommune sine skular skal det vere nulltoleranse for mobbing og krenkingar. Alle elevane skal ha eit trygt og godt skulemiljø fritt for mobbing og krenkingar. 

Alle elevar har rett til å ha eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det er elevane si eiga oppleving av korleis dei har det på skulen, som er avgjerande. 

Treng de å kontakte skulen for å melde ei sak for ditt barn, send inn sikkert via eDialog. Merk brevet med kva skule barnet er elev på. 

Ønskjer de å melde ei sak direkte til Statsforvaltaren, kan de gjere det her: https://www.statsforvalteren.no/nb/vestland/barnehage-og-opplaring/retten-til-et-trygt-og-godt-skolemiljo/

 

Mål for arbeidet med eit trygt og godt skulemiljø

Her finn du informasjon om korleis skulane i Høyanger kommune jobbar med eit trygt og godt skulemiljø:

 

Nyttige lenker

Utdanningsdirektoratet: Informasjon til elevar og foreldre om skulemiljø

Utdanningsdirektoratet: Nullmobbing.no

Mobbeombodet i Vestland

Statsforvalteren i Vestland

Opplæringslova, kapittel 12, skulemiljøet til elevane