Aktiv mot Kreft

Frisklivssentralen startar med treningstilbod for kreftråka.

Kreftbehandling kan vere krevjande, men fysisk aktivitet kan gi meir energi, betre funksjon og auka livskvalitet.

Frisklivssentralen inviterer deg som har eller har hatt kreft til å bli med på eit tilrettelagt treningstilbod med fokus på styrke, energi, meistring og fellesskap.

Du treng ikkje vere i god form for å delta.
Kom som du er. Vi tek stega saman.

Oppstart onsdag 4.November.26
Kl 10.00 – 11.30

Oppmøte: Høyanger idrettshall

Spørsmål? 
Ta kontakt med Frisklivssentralen Høyanger
 

Cathrine Heggø
Frisklivskoordinator
Telefon 57 71 39 20