Arbeid på fotballbana natt til laurdag
Det vil bli utført arbeid på fotballbana natt til laurdag i samband med tildekking av varmerøyra som er lagde ut på bana.

Arbeidet må gjennomførast om natta fordi varmerøyra er sensitive for varme og sollys. Ved høge temperaturar kan røyra deformere seg, noko som kan påverke kvaliteten på installasjonen. Kjøligare temperaturar om natta gir difor dei beste føresetnadene for å sikre anlegget før vidare arbeid.
Arbeidet kan medføre noko støy medan arbeidet går føre seg. Dei næraste naboane er varsla om arbeidet via SMS.
Vi beklagar eventuelle ulemper dette måtte medføre, og takkar for forståinga. Utførande entreprenør vil gjere sitt beste for å avgrense ulempene for naboar og andre som blir påverka av arbeidet.
Publisert 29.05.2026 14.06
Sist endra 29.05.2026 14.07