Betalingslenke på sms er frå Høyanger legekontor

Informasjon om at Høyanger legekontor nyttar Convene som betalingsformidlings teneste med mobil betalingsløysing. Er du i tvil om sms med betalingslenke kjem frå legekontoret, kontakt legekontoret 577 13 900, tasteval 2

illustrasjon tekstmelding - Klikk for stort bilete

 Korleis kan du vite om ein SMS er svindel eller ikkje? 

  • Tenk gjennom om du venter ei slik melding, har du uteståande betalingskrav?  
  • Sjekk kven som er avsendar ved å sjå på adressa om den ser ut som i bildet til høgre, i siste del av lenka blir det generert ein kode, merka gult i bildet. Dette er eit legitimt betalingskrav.  
  • Sjå på lenka i SMS, svindlarar nyttar ofte å forkorte lenkene. 
  • Sjå på språket og innhaldet. Ofte vil det vere informasjon som argumenterer for at det haster å klikke seg inn på ei lenke. 
  • Alternativet er å logge inn på portalen https://min.convene.no/, for å sjekke om du har eit utestående krav.