BIOLOGER PÅ FELTARBEID I ELVER OG INNSJØAR

Fotograf: Christian E. Pettersen

Høyanger kommune deltek saman med fleire kommunar i Sogn i eit samarbeid med fylkeskommunen og Statsforvaltaren om å undersøke fleire elver og innsjøar. 

Undersøkingane vil gje svar på kva for miljøtilstand vassførekomstane våre har og gje ein peikepinn på eventuell ureining. Undersøkinga er ein del av arbeidet for at alle innsjøar, elver, kystområde og grunnvatn skal oppnå miljømål etter vassforskrifta. Det er leigd inn konsulentar som skal samle inn og analysere vassprøver og prøver av planteplankton, botndyr og begroingsalgar. Undersøkingane vil etter planen skje i perioden mai-november.

Resultata frå undersøkingane vil bli gjort tilgjengelege på nettsida vannportalen.no i løpet av våren 2024. De kan også få tilgang til resultata på Vann-nett.no, der de og finn informasjon om andre miljøundersøkingar, tiltak, m.m. for dei elvene og innsjøane de er interesserte i.

 

Følgjande elver og innsjøar i Ytre Sogn vassområde inngår i arbeidet i 2023:
Kommune Namn vassførekomst Vann-nett ID vassførekomst Vann-nett Ev. anna namn
Høyanger Stordalsvatn 067-2129-L
Gulen Randalselva 068-77-R
Gulen Risnesfjorden aust 069-61-R Elv ved Asheim
Gulen Steinsvatnet 067-97-R
Hyllestad Skifjorden 082-13-R Elv frå Seljevollstjørna
Hyllestad Stigestrandsvatnet 080-28853-L
Hyllestad Espelandsvatnet 080-1625-L
Vik Skjelingavatnet 070-1465-L
Vik Tilløpselver Hopra nedre 070-94-R Bekk ved Brekke (Øygardsgrovi)

Vannportalen.no

Vann-nett.no/portal