Bjordal og Førsund vassverk - oppfølging av fluoridfunn

Analysar av drikkevatnet frå Bjordal og Førsund vassverk har vist fluoridverdiar over grenseverdien i drikkevassforskrifta, i 2007 samt åra 2020-2025.

Nye prøvar tekne 29. juni og 31. juli 2026 syner at fluoridinnhaldet no ligg under grenseverdien.
 

bilete av nokon som skjenker seg eit glas med vatn frå springen - Klikk for stort bilete Illustrasjon av Høyanger kommune

I samband med oppfølginga av Kyrkjebø vassverk har kommunen hatt ein gjennomgang av alle kommunale vassverk. Dette omfattar mellom anna historiske analysedata, prøvetakingsplanar og internkontroll.

For Bjordal og Førsund vassverk har vi ikkje fluoridmålingar frå før 2007, og det vart heller ikkje gjennomført slike målingar i perioden 2007–2020.

Kommunen har difor ikkje kunnskap om fluoridnivåa i desse periodane.

Kommunen har sett i verk ekstra prøvetaking ved Bjordal og Førsund vassverk.

Samstundes vert det arbeidd med å styrkje oppfølginga av alle kommunale vassverk gjennom bruk av ekstern fagkompetanse, revisjon av rutinar og prøvetakingsplanar og vidare utvikling av driftskontroll.

Fluorid førekjem naturleg i vatn, og i låge konsentrasjonar har fluorid ein førebyggande effekt mot karies, særleg hos barn. Effekten er derimot avhengig av mengden fluorid ein vert eksponert for.

Ved for høgt inntak over tid kan fluorid ha uønska helseeffektar. Langvarig eksponering av for høge fluoridkonsentrasjonar hos barn under 8 år, kan føre til endringar i tannemaljen, såkalla dental fluorose. Dette kan mellom anna gje kvite eller misfarga områder på tennene, og ved høgre eksponering kan endringane bli meir uttalte.

Ved langvarig inntak av betydeleg høgre dosar, kan fluorid også påverke skjelettet og i alvorlege tilfelle føre til skjelettfluorose. Dette kan mellom anna føre til at knoklane blir hardare og samtidig meir sprø. Dei fluoridkonsentrasjonane som er målt i drikkevatnet i den aktuelle perioden, har derimot ikkje vore på nivå som tilseier risiko for påverknad av skjelettet. 

Kommunen vil informere abonnentane dersom framtidige prøver viser avvik eller det kjem ny informasjon om drikkevasskvaliteten.
 

Petter Sortland
Ordførar
Telefon 57 71 15 52
Arnvid Hovland
Kommunedirektør
Telefon 57 71 15 15