Bli frivillig på språkkaféen i Høyanger!

Er du interessert i språk og kultur?
Likar du å prate om livet i Høyanger og Noreg?
Spelar du gjerne spel – eller tek ein kopp kaffi i godt lag?

Personer som spelar eit spel - Klikk for stort bilete

Kvar onsdag blir det arrangert språkkafé på samfunnshuset i Høyanger. Her møtest folk frå ulike land for å øve på norsk, bli kjende og ha det triveleg saman.

Vi ser etter frivillige som vil vere med – du treng berre vere open, nysgjerrig og ha lyst til å snakke med folk.

👉 Ta kontakt for ein uforpliktande prat om korleis du kan bidra!

 

“Å vere frivillig på språkkaféen er meiningsfullt, lærerikt og kjekt, det er sosialt og ein får høve til å bli kjent med personar som har opplevd mykje anna enn meg. Det er godt å gjere noko bra for andre! ”

Randi - Frivillig på språkkaféen

“Det er ei positiv oppleving å sitte tett rundt eit langbord og kunne dele eit måltid med menneske i alle aldrar med ein annan bakgrunn enn deg sjølv, høyrast rart ut, men det er veldig spesielt. Veldig triveleg å gå rundt i Høyanger, møte og helse på alle dei smilande fjesa til dei du har møtt og snakka med på Språkkafeen.”

Rita - Frivillig på språkkaféen

Rønnaug Meek
Dagleg leiar for Høyanger Frivilligsentral/Høyanger kommune
E-post
Mobil 99 21 94 08