Bli med på ti på topp!

HK BIL inviterer alle turglade til å bli med på turkonkurransen Ti på Topp. 1. april går startskotet. Konkurransen erstattar den tidlegare Trimpoeng-konkurransen og blir arrangert i samarbeid mellom Bedriftsidretten Vestland og Høyanger kommune bedriftsidrettslag.

Banner med tekst. Velkommen til ti på topp - Klikk for stort bilete Høyanger kommune

 

Med Ti på Topp er det no også mogleg å gå turar i Sunnfjord og få poeng på desse. Totalt i området blir det 51 turar i år.
 





For å vere med må du:
 

Laste ned Ti på Topp-appen


Det vert delt ut premiar for:

  • Lokale deltakarpremiar blir delte ut til alle som har registrert 10 ulike turar (7 turar for dei over 70 år eller under 10 år). Dersom du ikkje ønskjer deltakarpremien, kan du donere summen til eit veldedig føremål.

    Det er mange flotte premiar både lokalt og nasjonalt, fordelt på dei ulike deltakar­klassane. Det blir premieutdeling i november: 
     
  • Årets lokale turbilde
  • Årets lokale familie/vennelag
  • Årets lokale turbedrift
  • Årets lokale turgåar
  • I tillegg trekkjer HK-BIL 3 tilfeldige deltakarar som får premie

 

Sjå meir informasjon om kriterium for konkurransen på heimesida: 

 10 på Topp.

 

 

 Vi håpar så mange som mogleg vil vere med!

Einar Taule Øyehaug
GIS ansvarleg
E-post
Telefon 57 71 15 83