Bli sett - BRUK REFLEKS!

Refleksdagen er ein årleg merkedag – alltid den tredje torsdagen i oktober. I 2025 markerer vi han torsdag 16. oktober. Målet er å minne folk om å bruke refleks.

Plakat frå Trygg Trafikk som handler om refleksbruk - Klikk for stort bilete

 

Refleks er den billegaste livsforsikringa du kan ha! Med refleks blir du synleg i trafikken.

Bruk alltid refleks som rører på seg når du går, gjerne ein på kvar side slik at du er synleg frå fleire kantar.

Det finst no ein standard for refleks til personleg bruk. Sjå etter refleks merkte med CE EN17353 når du kjøper refleks.