Brukar - og pårørande undersøking i sjukeheim og brukarundersøking for heimebuande som mottek tenester frå sentralkjøkken

Eining Institusjonar gjennomførte i november 2025 brukar- og pårørande undersøking for pasientar som har tenesta langtidsplass i sjukeheimane.  Eininga gjennomførte også brukarundersøking for heimebuande som har tenesta middagslevering. Eining Institusjonar omfattar av avdeling sentralkjøkken, Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim og resultata vert presentert samla. 

Brukarundersøking langtidsplass ved sjukeheimane:

Frivillige frå Pensjonistforbundet Høyanger interjuva totalt 29 pasientar på langtidsplass v/ Høyanger og Kyrkjebø sjukeheim. Dei fleste som har tenesta langtidsplass i våre sjukeheimar, har ei form for kognitiv svikt.  Vi såg ikkje dette som eit hinder, men valde å nytte ein forenkla brukarundersøking. For å gjennomføre undersøkinga, sette vi krav at pasienten klarte å svare for seg munnleg.  Sjukeheimane scorar svært høgt på respektfull behandling, kjenner seg høyrd, vert behandla med respekt, opplever at ein får hjelpa ein treng når ein treng den, god mat og har trivsel på rom/ fysisk areal og trivsel saman med dei tilsette.

Takk til dei frivillige frå Pensjonistforbundet Høyanger som utførte intervju.

Pårørandeundersøking langtidsplass ved sjukeheimane:

27 av 49 hovudpårørande til pasientar som har tenesta langtidsopphald gav svar. Det ga ein svarprosent på 55,1%.   Vi nytta eit standard spørjeskjema i “Bedre kommune” slik at vi kan samanlikne oss med Vestland og Norge.  Det er 5 dimensjonar som vart undersøkt og vi ser at resultat er på linje eller over gjennomsnitt for Vestland og Norge.  

 

Heimebuande som mottek middagslevering frå Sentralkjøkkenet:

Sentralkjøkkenet gjennomførte eige spørjeskjema for heimebuande som mottok middag november/desember 2025. Totalt var det 76 heimebuande i Høyanger kommune som fekk middag etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester.  Vi fekk inn 51 av 76 moglege svar. Dette ga ein svarprosent på 67,1%.  Av gruppa vi undersøkte, bur 58% i omsorgsbustad og 42% i eigen heim. Resultat viser gode tilbakemeldingar med apetittvekkande mat, passe porsjonar, OK emballasje og utkøyring av middag. Brukarane opplevde god kontakt med kjøkkenet.

Middagar ved sentralkjøkkenet vert produsert i tråd med Helsedirektoratet sine kostråd.