Bygningsmiljøprisen 2026

No kan du sende inn forslag til Bygningsmiljøprisen. Prisen heidrar gode førebilete, anten det gjeld restaurering eller nybygg  og omfattar alt frå bustadhus og hytter til gardsbygningar, industribygg, hagar og utomhusmiljø. Kjenner du til nokon som i denne samanhengen utmerkar seg og fortener heider og ære? Nominer kandidatar via denne artikkelen 👉

Plakat med tekst som kjem fram av artikkel. - Klikk for stort bilete

Prisen omfattar ikkje berre bustader, men også andre typar bygningar, og hagemiljø er òg inkludert i vurderinga. Dei nye statuttane opnar for at både eldre og nyare bygg, samt utomhusmiljø, kan nominerast – uavhengig av alder.

Bygningsmiljøprisen heidrar særleg eksteriøret og legg vekt på arkitektur, estetikk, materialbruk, fargeval, landskapstilpassing og samspelet mellom stad, miljø og historie. Målet er å løfte fram gode førebilete som bidreg til å heve, fornye og vidareutvikle byggeskikken i kommunen – anten gjennom restaurering, tilbygg eller nybygg.

Alle kan føreslå kandidatar til prisen, og innspela må vere grunngjevne. Ein jury med fem medlemmar frå kommunalområde Samfunn vurderer forslaga og legg fram si tilråding for planutvalet, som vedtek vinnaren av Bygningsmiljøprisen.

Prisen består av eit diplom og eit pengebeløp på 10 000 kroner. Overrekkinga skjer i kommunestyret.

 

Statuttane

  1. Bygningsmiljøprisen er ein heiderspris som delast ut til bygningar, hus eller utomhusmiljø.
  2. Prisen kan gå til restaurering av eksisterande bygningar, hus eller utomhusmiljø, eller til ny oppføring av dette.
  3. Prisen kan gå til dei som vektlegg arkitektur, estetisk utforming, utføring, materialbruk, fargeval, landskapstilpassing og samspelet mellom stad, miljø og historie.
  4. Aktuelle kandidatar til prisen er den eller dei som bidreg til å heve, fornye og utvikle god byggeskikk i Høyanger kommune.
  5. Prisen kan delast ut kvart år dersom det er kandidatar som stettar statuttane.
  6. Prisen er ein diplom og eit kronebeløp på kr 10.000.
  7. Innbyggarar i Høyanger kommune kan foreslå kandidatar. Forslaget skal grunngjevast. Statuttar og informasjon om korleis føreslå kandidatar til Bygningsmiljøprisen skal vere tilgjengeleg på Høyanger kommune si heimeside, og det skal årleg annonserast ein frist for innspel til prisen.
  8. Juryen består av 5 medlemar med relevant bakgrunn innan kommunalområde Samfunn.
  9. Vinnar av Bygningsmiljøprisen skal kunngjerast på kommunestyre sitt sommarmøte (Forslag om å endre til haustmøte). Prisen overrekkast av ordføraren.
  10. Framlegg til vinnar av Bygningsmiljøpris skal handsamast i Planutvalet. Ved avvikling av Bygningsmiljøprisen skal det gjerast ved vedtak i same utval.
     

Frist for innspel

20.05.2026

Skjema for innspel

Skjema

Du kan også sende innspel pr. e-post

postmottak@hoyanger.kommune.no

eller via brev;

Høyanger kommune
postboks 159
6991 Høyanger