Digital hjelp – eit lågterskeltilbod i Høyanger
I samarbeid med Telia tek Enivest med seg kurstilbodet Digital hjelp til Høyanger

Har du spørsmål om mobil, PC, nettbrett eller anna digitalt utstyr? No har du sjansen til å få hjelp!
Digital hjelp er eit lågterskeltilbod der deltakarane først får eit kort foredrag om digital sikkerheit på enkelt nivå, etterfølgt av tid til ein-til-ein hjelp.
Tilbodet er meint å møte ei veksande utfordring med digitalt utanforskap, og målet er å hjelpe flest mogleg med å henge med i den digitale utviklinga for å vere ein del av samfunnet.
Arrangementet går føre seg på Eldresenteret i Høyanger tirsdag 4. november, frå klokka 11:00 til 13:00, og tilbodet er ope for alle – uansett alder.
Ta med deg spørsmål og utstyr, og få hjelp til å bli tryggare på det digitale!
Meld deg på ved å ringe eller sende SMS til: 47 71 54 22
Merk i påmeldinga namnet ditt og at du vil delta i Høyanger.
Publisert 27.10.2025 14.44
Sist endra 27.10.2025 14.50