Drikkeforbod – Kyrkjebø vassverk

Høyanger kommune har i dag motteke ei tilråding frå Folkehelseinstituttet (FHI) om å innføre drikkeforbod for vatn frå Kyrkjebø vassverk. Dette inneber at vatnet ikkje skal drikkast eller nyttast til matlaging, men kan nyttast til alle andre formål.

I følge FHI si vurdering kan aluminiumsnivåa som er målt i drikkevatnet medføre helseskadelege effektar. Vurderinga framhevar at barn, og særleg små barn, er den mest sårbare gruppa ved eksponering for dei påviste aluminiumsnivåa.

FHI opplyser videre at dei har undersøkt moglege konsekvensar av den langvarige eksponeringa, og at denne kan føre til skadar på nervesystemet som kan vere irreversible. 

Vidare tilrår FHI at det framover vert gjennomført hyppige vassprøver for å overvåke utviklinga, og at aluminiumsnivåa i lufta vert målte regelmessig både på Kyrkjebø og i Høyanger. FHI tilrår òg at alle barn som har drukke vatn frå Kyrkjebø vassverk i perioden frå 2021 og fram til i dag, vert følgde opp med regelmessige helsekontrollar i åra som kjem. Dette for å avdekke eventuelle seinverknader av eksponeringa.


Det vil umiddelbart bli lagt til rette for utplassering av conteinerar med drikkevatn ved Joker-butikken og Kyrkjebø sjukeheim.

Kommunen planlegg å invitere til eit folkemøte på Kyrkjebø i neste veke og vil kome tilbake med meir informasjon. 

 

-Kommunedirektør-