Eigedomsskatt - ny taksering

Kommunestyret i Høyanger kommune har vedteke ny allmenn taksering for alle eigedomar i kommunen, jf. kommunestyresak 012/26. Dei nye takstane har verknad frå og med 1. januar 2027.
 

Illustrasjon hus - Klikk for stort bilete

Kvifor vert det gjort?

Hovudregelen i eigedomsskattelova er at det skal gjennomførast allmenn taksering kvart tiande år.  I Høyanger vart allmenn taksering sist gjort i 2016. Sjå eigedomsskattelova § 8 A-3.

 

Korleis vert takstane fastsett?


Bustadar

Kommunestyret har gjort vedtak om å nytte Skatteetaten sine bustadverdiar som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten på bustader  jf. eigedomsskattelova § 8 C-1.  For skatteåret 2027 vil ein nytte bustadverdiar per 31.12.2025. 

Kva er bustadverdi?

Bustadverdi er Skatteetaten sin berekna marknadsverdi av bustadeigedom. Denne vert fastsett med utgangspunkt i bustaden sin areal, byggjeår, bustadtype, geografisk plassering og opplysningar om omsette bustader i kommunen.

Du kan lese meir om eigedomskatt og bustadverdi her.

Bustadeigedommar der kommunen ikkje får bustadverdi frå Skatteetaten vert taksert etter reglane for andre eigedommar.


Andre eigedommar

Andre eigedommar skal takserast etter eigedomsskattelova § 8 A-3 (4). Kommunestyret i Høyanger har valt medlemmar til sakkyndig nemnd og sakkyndig klagenemnd. Det er sakkyndig nemnd som har fått ansvaret for takseringsarbeidet, og som fastset grunnlaget for eigedomsskatt på eigedomen. Som eit hjelpemiddel til synfaringa og den påfølgjande takseringa vil det bli utarbeida eigne takseringsreglar. 

Dokumentet vert tilgjengeleg på kommunen si nettside når det vert endeleg vedteke.

Høyanger kommune har engasjert firmaet ESKAN AS til arbeidet med synfaring av eigedomar. Dette arbeidet starta opp i august og skal etter planen være ferdig i oktober.
 

Korleis vert eigedomskatten fastsett?

For bustad og fritidseigedommar er det ein obligatorisk reduksjon på 30% av takstane. Kommunestyret kan vedta eit botnfrådrag som kjem til fråtrekk før ein kjem fram til eit skattegrunnlag. Kommunestyret fastsett og skattesatsen som skal nyttast. Maksimal skattetakst for bustad og fritidseigedommar er 4 promille. For andre eigedommar er makssatsen 7 promille. Skattegrunnlaget vert multiplisert med skattesatsen for å komme fram til skatten som skal betalast. 

Takst og utrekna eigedomsskatt for 2027 vert lagt ut til offentleg ettersyn innan 1. mars 2027. Du vil få tilsendt informasjon om taksten på eigedomen din og eigedomsskatten du skal betale. Du får også informasjon om høvet til å klage.