Eigenberedskapsveka 2025 – Finn ut kven du kan hjelpe og kven som kan hjelpe deg!

Samarbeid og fellesskap er viktig når kriser rammar. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman. Oppdater ditt eige beredskapslager, gjerne i lag med ein beredskapsven!

Ungdommar forran peis under straumbrot - Klikk for stort bilete Glenn Rokeberg/DSB

I veke 44 blir eigenberedskapsveka 2025 arrangert over heile landet. Målet er å auke medvitet og kunnskapen om eigenberedskap, slik at fleire gjer eigne førebuingar. Det gjør både deg og lokalsamfunnet betre rusta til å handtere kriser og hendingar som kan oppstå, som til dømes langvarige straumbrot, slik fleire nyleg opplevde under ekstremvêret Amy.

Årets tema er felles eigenberedskap – beredskapsvenn.

 

 

Samarbeid om beredskap

Ein treng ikkje gjere alt åleine. Det kan vere klokt å gjere avtale om å samarbeide med venner, familie eller naboar om eigenberedskap.  Som beredskapsvenner kan de støtte kvarandre på mange måtar.

dsb.no/egenberedskap finn du mange gode tips til korleis du kan styrkje di eiga beredskap.