Er det lenge sidan du sist tok livmorhalsprøve?
Har du fått brev om livmorhalsprøve? Då bør du snakke med fastlegen. Ta prøven sjølv om du har teke HPV-vaksinen.
#SjekkDeg er ein landsomfattande kampanje som oppfordrar kvinner mellom 25–69 år til å ta livmorhalsprøve når dei får påminning. Målet er å oppdage celleforandringer tidleg og forhindre at desse utviklar seg til livmorhalskreft.
Med HPV-test held det å teste seg kvart 5. år.
Obs! Dersom du har symptom som blødningar, unormale smerter eller utflod, må du snakke med fastlegen din.
Høyanger legekontor har satt av to dagar spesielt til livmorhalsprøvetaking. Vi har også heimetestar.
Bestill time på telefon 57 71 39 00.
Du er velkommen den:
- 24. februar til Oda
- 3. mars til Thorvald
Det vil vere med sjukepleiar ved desse konsultasjonane.
Du betaler eigendel for konsultasjon.
Publisert 17.02.2026 08.42
Sist endra 17.02.2026 08.47