Visste du at aske kan innehalde glør i fleire døgn etter at omnen har vore i bruk?

Feil handtering av aske er ei kjent årsak til bustadbrannar, spesielt no i vinterhalvåret.
Slik fjernar du aske på ein trygg måte:
🔶 Vent til asken er heilt kald
🛑 Ta ut asken og legg den i ein brannsikker behaldar av metall med lokk, gjerne ein askebøtte
🏠 Plasser bøtta utandørs på ikkje brennbart underlag og god avstand frå vegg, kledning og anna brennbart materiale
🌲 La asken stå utandørs i tre-fire dagar
♻️ Tøm den kalde asken i ein pose, knyt igjen og kast i restavfallet
Publisert 03.02.2026 13.06
Sist endra 03.02.2026 13.06