
Kvifor blir undersøkinga gjennomført?
Føremålet med folkehelseundersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen i befolkninga. Resultata gir innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og styrkje folkehelsa i kommunen vår.
Kvifor er undersøkinga viktig for kommunen vår?
For kommunane i Vestland er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skape betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpasse tenestene og tiltaka våre for å møte behova til innbyggjarane på ein betre måte. Dette omfattar alt frå helsefremjande aktivitetar til førebyggjande tiltak.
Korleis føregår undersøkinga?
Undersøkinga er nettbasert og tek om lag 20 minutt å svare på. Dei som blir trekte ut, får invitasjon frå Helsenorge. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i tråd med gjeldande personvernreglar. Resultata blir berre publiserte på gruppenivå, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.
Treng du hjelp eller lån av PC?
Ikkje alle har tilgang til PC eller er like fortrulege med digitale skjema, og vi ønskjer at alle som blir inviterte skal få moglegheit til å svare på undersøkinga. Dersom du treng hjelp eller tilgang til utstyr, kan du kome innom servicetorget på kommunehuset eller besøkje biblioteket og våre biblioteksfilialar. Her kan vi hjelpe deg med å finne fram til undersøkinga og rettleie deg med sjølve innlogginga. Ver merksam på at dei tilsette av personomsyn ikkje kan fylle ut undersøkinga på vegner av deg, men vi hjelper deg gjerne i gang slik at du får registrert dine svar.
Trekning av gåvekort
Vi håpar alle som får invitasjon, vil delta! Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.
Lurer du på noko?
Har du spørsmål om undersøkinga, kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune:
e-post: fhus@vlfk.no
eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)
Du kan også lese meir om folkehelseundersøkinga på nettsida til fylkeskommunen: www.vlfk.no/fhus eller på FHI sine nettsider: https://www.fhi.no/hs/folkehelseundersokelsene-i-fylkene/