Folkemøte om høyringsutkastet til barnehage- og skulebruksplan

Det vert halde folkemøte i samband med høyringsutkastet til skule- og barnehagebruksplan for Høyanger kommune 2026–2031.

Tid og stad:

Vadheim oppvekstsenter: måndag 8. desember kl. 17.00

Høyanger vidaregåande skule: måndag 15. desember kl. 17.00

 

Folkemøta er opne for alle, og vi oppmodar innbyggjarar, føresette, tilsette, tillitsvalde og andre interesserte til å delta. Møta vil gi informasjon om høyringsutkastet og høve til å stille spørsmål og kome med innspel før endeleg vedtak.