Framlegg til skulerute for skuleåret 2025 - 2026

Forskrift om skulerute for grunnskulane i Høyanger kommune skal på høyring.

Etter ny opplæringslov frå 1. august 2024, er skulerute for grunnskular i kommunen blitt ei forskrift. 

Forskrifta seier kva skule- og feriedagar elevane ved grunnskulane skal ha i skuleåret. Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skuleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skuleåret (jf. opplæringslova § 14-1).

Elevane har rett og plikt til å møte på skulen dei fastsette dagane.

 

Du finn framlegg til forskrifta her (PDF, 90 kB) 
 

I følgje forvaltningslova skal ei forskrift på høyring for uttale og innspel. Frist for å sende eit svar til kommunen er 15. mai 2025. Forskrifta skal handsamast i kommunestyret 19. juni 2025.