Fritidserklæringa

Kommunestyret gjorde i møte 19.06.2025, vedtak om å slutte seg til Fritidserklæringa Vestland, slik den ligg føre.

Jente med paraply - Klikk for stort bilete

«Alle barn og unge skal kunne delta jamleg i minst éin organisert fritidsaktivitet i lag med andre.»

Dette er visjonen i Fritidserklæringa Vestland. Vestland fylkeskommune og tolv andre offentlege og frivillige organisasjonar i fylket signerte Fritidserklæringa Vestland på frivilligkonferansen i september 2024.

Fritidserklæringa bygger på FN-konvensjonen om barn sine rettar, artikkel 31. Denne handlar om at alle barn har rett til kvile, fritid og leik, og til å ta del i kunst og kulturliv. 

Mål

Gjennom Fritidserklæringa Vestland vil partane jobbe for følgjande mål:  

  • Fritidsaktivitetane skal vere opne, trygge og inkluderande.  
  • Vi skal jobbe for å fjerne barrierar for deltaking, både fysiske og psykiske.  
  • Fleire arenaer for fritidsaktivitetar skal vere universelt utforma.  
  • Vi skal sørge for at kostnadene blir låge, slik at økonomi ikkje hindrar deltaking.  
  • Alle barn og unge skal kunne finne ein aktivitet dei trivst med.  
  • Barn og unge skal kunne utvikle seg og oppleve meistring gjennom fritidsaktivitetar.  
  • Vi skal sikre barn og unge sin medverknad i utviklinga av fritidsfeltet. 
     

Alle partane

Fritidserklæringa Vestland er utarbeidd av ei arbeidsgruppe med representantar frå Vestland ungdomsutval, Vestland idrettskrets, Vestland frivilligsentralar, ALLEMED og fylkeskommunen. Samarbeidskomiteen for frivilligheit i Vestland har vore referansegruppe i arbeidet. 

Fritidserklæringa Vestland er signert av

  • Vestland fylkeskommune  
  • KS Vestland  
  • Statsforvaltaren i Vestland  
  • Vestland ungdomsutval 
  • Vestland Musikkråd 
  • Vestland Idrettskrets 
  • Forum for Natur og Friluftsliv Hordaland  
  • Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane 
  • Vestland Innvandrerråd 
  • Vaksenopplæringsforbundet Vestland 
  • Vestland Frivilligsentralar 
  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) Vestland 
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) Sørvest og Nordvest 
Representantar frå alle 13 organisasjonane som skreiv under på fritidserklæringa. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune - Klikk for stort bileteRepresentantar frå alle 13 organisasjonane som skreiv under på fritidserklæringa. Foto: Bjarte Brask Eriksen, Vestland fylkeskommune
Kristina Skogly
SLT og Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 57 71 15 05
Mobil 41 41 26 29
Rønnaug Meek
Dagleg leiar for Høyanger Frivilligsentral/Høyanger kommune
E-post
Mobil 99 21 94 08