Frivillige har gjort ein dugnadsinnsats for å leggje til rette for skøytebanar i kommunen
Med kulde over lengre tid har frivillige bidratt på dugnad for å leggje til rette for skøytebane i nærmiljøet. Tiltaket gjev barn, unge og familiar ei flott moglegheit til uorganisert aktivitet og vinterleik ute.
Skøytebanene er opne for alle. Vi minner om at all ferdsel skjer på eige ansvar.
Har du ikkje eigne skøyter, kan du låne dette gratis hos BUA i Høyanger.
Takk til frivillige og til brannvesenet for innsatsen og for å bidra til aktivitet og trivsel i lokalsamfunnet.
Takk til Anders Lunde Moritsgård og Odd-Erik Ullebø Hellebust frå Høyanger brannvesen, og til Kim André Osland og Kjetil Kalstad, foreldre til barn på Bjordal skule, som har stilt opp og laga til isbanar.
Publisert 07.01.2026 15.22
Sist endra 07.01.2026 15.22