Fv5442 mellom Hestfossen og Krokevasselva - vinterstengt veg

Fv5442 mellom Hestfossen og Krokevasselva vil framleis vere stengt. Det blir gjort ny vurdering om opning etter påske.

Frå fv 5442 Stordalsvegen Egil førde/Vestland fylkeskommune

 

Verforholda gjer at vegen ikkje kan opnast i påska, slik ein ønska. Tryggleiken til både brøytemannskap og trafikantar går først. Store delar av strekninga manglar mobildekning, noko som aukar risikoen ved både arbeid og ferdsel.