Høyanger er for tredje gong godkjend som Trafikksikker kommune
Høyanger kommune er for tredje gong godkjend som Trafikksikker kommune. Regodkjenninga stadfestar at kommunen arbeider systematisk og langsiktig med trafikksikkerheit – til beste for både innbyggjarar, tilsette og alle som ferdast i kommunen.
Jeanette Walsvik
Høyanger vart første gong godkjend som Trafikksikker kommune i 2020 og fekk si første regodkjenning i 2023. Den nye regodkjenninga er ei anerkjenning av det kontinuerlege arbeidet som blir gjort på tvers av kommunen for å skape eit tryggare lokalsamfunn.
Trafikksikker kommune er ei nasjonal godkjenningsordning utvikla av Trygg Trafikk. Målet med ordninga er å sikre at kommunane arbeider systematisk, heilskapleg og på tvers av sektorar med trafikksikkerheit. Ho byggjer på lover og forskrifter kommunane allereie er pålagde å følgje, men gir ein felles struktur som styrkjer samarbeidet og bidreg til kontinuerleg utvikling.
Godkjenninga er gyldig i tre år, og kommunane må deretter gjennom ei regodkjenning. Sjølv om prosessen er enklare enn førstegongsgodkjenninga, er ho minst like viktig. Regodkjenninga bidreg til at kommunen held fram med å vidareutvikle trafikksikkerheitsarbeidet og sikrar at gode rutinar blir tekne vare på over tid.
Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med den nasjonale nullvisjonen om at ingen skal bli drepne eller hardt skadde i trafikken. Gjennom ordninga Trafikksikker kommune blir trafikksikkerheit ein naturleg del av planlegging, tenesteutvikling og dagleg drift – og eit felles ansvar på tvers av fagområde.
Bilde henta frå Trygg trafikk sin «veileder for trafikksikker kommune»

Publisert 01.09.2026 10:55
Sist endra 01.09.2026 10:55