
Grunngjeving:
Fjordbrass Lavik vart stifta i 1997, og er med sine 28 år det yngste av vaksenkorpsa i kommunen. Korpset har også eit godt innslag av ungdommar. Frå dei er 15 år kan musikantane frå Lavik skulemusikk spele med Fjordbrass, og det gode samarbeidet mellom desse to korpsa syner igjen gjennom mange ulike arrangement i byda. Gjennom samarbeidet dei har på tvers av generasjonane, er dei eit godt føredøme for andre lag i kommunen.
Fjordbrass har hatt svært mykje å seie for både individuell og felles trivsel for folk i Lavik. Laget har vore og er framleis ein spydspiss i det lokale kulturlivet – både i dei tilfelle der dei står for eigne arrangement – og i dei tilfelle der dei er ein vesentleg medspelar for andre arrangørar. Kvart år startar 17. mai for korpset med tur over til sørsida for å spele i Bjordal. Dette til stor glede for alle der. Så har dei eit tett program i Lavik resten av dagen. Dette er å syne omtanke for andre!
I Lavik kan dei alltid stole på at Fjordbrass stiller opp når det trengs, og dei gjer jobben sin på ein framifrå måte. Dei stiller opp ved ulike markeringar, nasjonaldag, konsertar og seremoniar. I tillegg er dei opptekne av fornying i korpset, og jobbar heile tida med utvikling. Bak dette veit vi at det står ei bevisst satsing frå styret, korpsmedlemene, dirigent og gode medhjelparar elles.
Fjordbrass Lavik vert identifisert med kvalitet og samhald, og nemnast kan at dei fleire gonger har vore med i NM for brassband. Også neste år, i 2026, er dei påmelde der. Dette krev stort engasjement og mykje øving, samstundes som spelegleda aukar når meistringsnivået stig.
Fjordbrass har sett Lavik og heile Høyanger kommune på kulturkartet i mange samanhengar, noko vi er svært glade for. Positiv marknadsføring er så viktig, og namnet Fjordbrass har ein god klang langt utover lokalsamfunnet. For oss alle skapar det assosiasjonar om fest og glede!
Gjennom å glede små og store i vår eigen kommune, samt å vise ansikt utover kommunegrensene, er Fjordbrass ein stor ambassadør for kommunen, og dei er ein verdig vinnar av kulturprisen 2025.