Høyring og offentleg ettersyn av bustadpolitisk handlingsplan i Høyanger kommune

Bygging av byporten i 1933. Eugen Nordahl-Olsen Sr.

Høyanger skal vere ein samskapingskommune, og Høyanger 3.0 er det tredje versjonen av korleis rollefordelinga mellom kommunen som organisasjon og innbyggarane bør vere. Dette gir grunnlag for måten kommunen best kan skape trivsel og utvikling. Høyanger kommune har folketalsvekst som sitt viktigaste mål. 

Utvikling av bustadmarknaden og bustadtilbodet i kommunen er eit viktig tiltak for å auke busetjing og tilflytting. Bustad er vidare eit grunnleggjande behov og ein føresetnad for helse, utdanning, arbeid og samfunnsdeltaking. 

Bustadpolitisk handlingsplan skal syne korleis kommunen, i lag med aktørane i bustadmarknaden, skal ta i vare bustadbehovet til menneske i ulike livssituasjonar, og leggje til rette for ei bustad- og tettstadutvikling i tråd med kommuneplanen.

Planen må lesast og forståast i samanheng med andre relevante planar i kommunen. Her under kommuneplanens samfunnsdel og arealdel. Kommunedelplan for helse, folkehelse og omsorg er også sentral i høve til vidare planlegging for utbygging til behov innan eldreomsorga, og til eigna bustader for andre omsorgstrengande.

Her finn du revidert bustadpolitisk handlingsplan for planperioden 2026 – 2030. 

 

Høyringsfrist er sett til 16. august 2026

 

Svar til høyringa sendast til postmottak@hoyanger.kommune.no eller til postadresse: Høyanger kommune, postboks 159, 6991 Høyanger.

Skal du/de sende høyringssvar med sensitivt innhald, ber vi dykk om å nytte e-dialog via vår heimeside

Lenke til e-dialog


Kontaktperson og saksansvarleg er kommunalsjef samfunn, Jan Kaare Hellevang.

Epost: jan.kaare.hellevang@hoyanger.kommune.no

Jan Kaare Hellevang
Kommunalsjef samfunn
E-post
Telefon 57 71 15 79
Mobil 95 88 67 97