Hender barn & morOppvekstreforma (tidl. barnevernreforma) som tredde i kraft 01.01.2022, gir kommunane eit tydeleg ansvar for å styrke det førebyggande arbeidet retta mot barn og unge. Eit sentralt krav i reforma er at kommunane skal utarbeide ein plan som konkret rettar seg mot å førebygge omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar. Dette er ein målretta plan for dette formålet, og ikkje ein generell plan for førebyggande arbeid.
Høyanger kommune har utarbeidd ein førebyggande plan som omfattar gravide, barn og unge opp til 18 år, samt deira føresette. Planen er avgrensa til universelle og selektive tiltak, og skal styrke tidleg innsats og samhandling på tvers av kommunale tenester.
Målet med planen er å legge til rette for eit meir systematisk, kunnskapsbasert og koordinert førebyggande arbeid i kommunen. Gjennom tidleg identifisering av utfordringar og målretta oppfølging skal planen bidra til at barn, unge og familiar får nødvendig hjelp så tidleg som mogleg, før utfordringane utviklar seg til alvorleg omsorgssvikt eller omfattande åtferdsvanskar.
Invitasjon til å gi høyringssvar
Høyanger kommune inviterer innbyggarar, samarbeidspartnarar, organisasjonar og andre interesserte til å kome med innspel til den førebyggande planen. Vi ønskjer høyringssvar som kan bidra til å styrke planen og sikre at han er relevant og godt tilpassa behova i kommunen.
Alle innspel vil bli vurderte før planen blir endeleg handsama. Vi oppmodar alle som har synspunkt eller forslag til å sende inn høyringssvar innan høyringsfristen 31.08.2026.
Høyringsframlegg - plan for førebygging av omsorgssvikt og utvikling av åtferdsvanskar (PDF, 2 MB)