Influensa- og koronavaksine til risikogrupper

Høyanger kommune mottek influensavaksine for risikogrupper og koronavaksina Comirnaty LP81 i veke 42. Influensavaksine og koronavaksine kan setjast samtidig. Ved samvaksinering vert vaksinane sett i kvar sin arm.

Vaksinering i overarm - Klikk for stort bilete

FHI anbefaler alle personar over 65 år å ta influensavaksine og alle over 75 år å ta coronavaksine. Kronisk sjuke, personar med alvorleg fedme og gravide bør òg ta vaksinane.  

Fullstendig oversikt over risikogrupper og vaksineinformasjon kan ein lese på Folkehelseinsituttet sine heimesider: https://www.fhi.no/va/

Vaksinedagar i for personar i risikogruppa:

Høyanger: 

Helsestasjon i 2.etg. på Høyanger Helsesenter

  • Fredag 31. oktober frå kl. 09.00 til kl. 12:00 og kl. 13:00 til kl.16:00, alfabetisk etter etternamn:  Frå og med A til og med M
  • Fredag 7. november frå kl. 09.00 til kl. 12:00 og kl. 13:00 til kl.16:00, alfabetisk etter etternamn: Frå og med N til og med Å

Lavik:

Lavik legekontor på Lavik helsesenter

  • Måndag 3. november kl. 09.00-14.30

Sørsida:

Søreide legekontor på Søreide bygdetun

  • Tysdag 4. november kl. 09.30-14:00

Prisar:

Risikogrupper:  kr 200,- pr. influensavaksine.

Betalinga kan skje kontant eller med bankkort.

https://www.fhi.no/va/influensavaksine/influensavaksine-risikogrupper/