Informasjon varslingssak

I samband med varslingssaka har det vore informasjonsmøter på rådhuset. Det er vesentleg at alle tilsette blir orienterte om prosess og vegen vidare. 

Ein varslar er ikkje ein klagar, men ein som varslar om kritikkverdige tilhøve i organisasjonen (kommunen). I eit varsel blir det meldt frå om at det kan vere handla i strid med lov, reglar, etiske normer. 

Ein varslar er ikkje part i konflikt, men ein som nyttar seg av lovfesta rett til å seie frå.  Eit varsel er ein prosessposisjon, ikkje ein konklusjon.

Den det er varsla på, den påvarsla, har rett til kontradiksjon. Bli høyrd i prosessen.

Varslar har meldt frå om kritikkverdige tilhøve.  Saka skal handsamast profesjonelt og etter gjeldande rutinar.  Varslar og påvarsla skal handsamast objektivt og rettvist.

Høyanger kommune nyttar seg av Avonova til å følgje opp og utarbeide rapport etter varslinga.  Avonova er ei bedrifthelseteneste som jobbar med helse, miljø og tryggleik innan offentleg og privat sektor. Dei er profesjonelle på området.

I tillegg nyttar ordførar settekommunedirektør til å følgje opp konklusjonar, prosess og rapportar. Kommunen nyttar seg og av juridisk støtte frå KS advokatar.

I samband med informasjonsmøta har det vore poengtert at prosessen tek tid.  Alle sider av eit varsel må handsamast objektivt og rettvist.  Rapportar skal skrivast og dei må vere utforma slik at dei kan nyttast i «etterarbeidet» i kjølvatnet av ei varslingsak.

Å kome vidare etter ei varslingsak handlar ikkje om å leggje «lokk på», men om å gjenreise tillit, tryggleik og profesjonalisme. Ein må lage planar og strukturar der alle opplev å verte involverte.  Dette tek tid, men arbeidet går framover og vi skal lukkast i dette.

Ta gjerne kontakt med settekommunedirektør på tlf 995 64 610 eller via epost til post@fastelandconsult.no

Mvh
Atle Fasteland (s)