Informasjon

Varslingsaka som har omfatta kommunedirektør er no avslutta. Kommunedirektøren har akseptert sluttavtale og har fråtredd stillinga. For å sikre kontinuitet og stabil drift er assisterande kommunedirektør, Arnvid Hovland, konstituert som kommunedirektør fram til ny kommunedirektør er tilsett.
 

Den vidare oppfølginga av forhold som spring ut av varslingsaka vil framleis liggje til sette kommunedirektør, Atle Fasteland. Dette er gjort for å sikre tydeleg rollefordeling og ei uavhengig handtering, sidan varslingsaka også omfatta personell i den øvste administrative leiinga.


Kommunen er oppteken av å sikre gode tenester til innbyggjarane og ei trygg og føreseieleg kvardag for dei tilsette. Den administrative leiinga vil difor halde fram arbeidet som normalt, og leiargruppa vil i fellesskap ta ansvar for å sikre god framdrift i kommunen sine oppgåver.


Sjølv om varslingsaka no formelt er avslutta, held arbeidet med å styrkje arbeidsmiljøet og samarbeidet fram. Dette er eit felles ansvar for alle i organisasjonen, leiarar og medarbeidarar. Gjennom open dialog, gjensidig respekt og vilje til samarbeid skal vi saman byggje ein organisasjon prega av tillit, tryggleik og godt samspel.
 


Petter Sortland (s)                        Atle Fasteland (s)
Ordførar                                        Sette kommunedirektør