Iverksetting av ruteendring, båtruta Vik-Ortnevik-Nordeide

Frå fredag 21. november blir det ruteendringar fredag og søndag. 

Utsikt over sognefjorden - Klikk for stort bilete Anne-Britt Skjerven

Dei mellombelse endringane for båtruta Vik-Ortnevik-Nordeide blir sett i verk frå fredag 21. november 2025.  Endringane gjeld til det er tilgjengelege lademoglegheiter.

Skyss informerer om endringa på skyss.no, i reiseplanleggar og andre kanalar som Skyss har. 

Oppdatert rutetabell finn du her

 

Skyss håpar at endringane skal gi eit meir føreseieleg rutetilbod for dei reisande.