Kartlegging av kulturskuletilbod i Høyanger kommune

Kulturskule Tverrsektorielt Medvirkning Samskaping Innvolvering Helhet sammenheng Sammen lager vi levende lokalsamfunn

Ver med å sei noko om kva tilbod kulturskulen skal gi i framtida. Svarfrist: innan 06.04.26

Visjonen til alle landets kulturskular er “Kulturskule for alle”.  Ver med å hjelpe oss til å nå visjonen!

No kan du vere med å påverke kva tilbod kulturskulen skal ha i framtida. Dine svar vil vere viktige i arbeide med å utvikle både aktuelle og relevante tilbod for born og unge i Høyanger kommune og kulturskulen spesielt. Resultatet frå kartlegginga vil vere ein del av ei sak som skal til politisk behandling i kommunestyret i slutten av april.

Dette er ikkje ei påmelding kun ei kartlegging av behov. Dersom du ønskjer å bli elev i kulturskulen finn du lenke til kulturskulen sin søknadsportal med informasjon lenger nede her.

Lenke til kartlegginga: https://forms.office.com/pages/responsepage.aspx?id=nAsR22vpU0-uChbuUG0spDF8mqhm769Oi66XLQ7m48ZUMk9KVTk1R1AyOU5HSjBMQTJNQTlZWFpTMC4u&route=shorturl PS! Kartlegginga er anonym.

Svarfrist: måndag 06.04.26

Del gjerne andre, ung eller gamal:  0-100 år

Her er ei lenke som fortel meir om kva ein kulturskule kan vere, utarbeidd av Udir. Inne på sida vil ein finne filmen på fleire språk: https://www.udir.no/utdanningslopet/kulturskolen/kulturskolen--film-pa-flere-sprak/

Lenke til søknadsportal med informasjon og påmelding til Høyanger kulturskule: https://nohoeyanger.speedadmin.dk/registration#/

Siv Anita Gudvangen
Rådgjevar Tenesteområde oppvekst
E-post
Mobil 95 79 09 97
Beate Kjølstad
Kulturskulerektor
E-post
Telefon 57 71 15 68
Mobil 99 21 93 71